mandag 9. juli 2012

Vogna til ein liten gut

Brått kom det for meg at vogna til litlehanen var ganske kjedeleg. Kvitt dynetrekk som systra brukte då ho var baby, og ingenting kjekt å sjå på. Slik kunne me ikkje ha det.

 Vognpynten fann eg i eit symagasin. Elefantane er så søte, og fangar blikket til minsten òg. Stoffet og perlene er frå Panduro. Dynetrekket er sydd av stoff frå stof2000. Stoffet til lua er visst og derifrå. Den syr eg omtrentleg etter oppskrift frå litenogstilig.

lørdag 7. juli 2012

behageleg buksedress





Det går treigt å få ut innlegg på bloggen for tida.. sommarferiemodus har satt inn for fullt. Eg gler meg over alle feriedagar, enten det pøser ned eller er sol og varmt. Det kan nytast på ulike måtar! Så sett igang og nyt i staden for å klage over dårleg sommarver seier nå eg!:O) Denne herlege buksedressen sydde eg då eg hadde ria for eit par månadar sidan. Det går litt sånn i rier sjå meg. Mønster frå alt om håndarbeides symagasin. Stoffet hadde eg liggande, kjøpt på stoff og stil trur eg.
Liker å knyte snorene i kryss bak så dei ikkje berre sklir av skuldrene.

søndag 24. juni 2012

sommar sommar!

Innlegget kjem litt seint, men me hadde litt sommar plutseleg i mai... Kor han vart av veit eg ikkje, reist ein annan stad trur eg..  Sommarkjole hadde me uansett ikkje då varmen kom, så det måtte hønemor lage i full full fart.

 Eg hadde høyrt folk snakka om kor enkelt det var å sy vaffelsaum, men tenkte at så enkelt som dei seier, kan det umogleg vere. Men fakta er at det var det!! Veldig enkelt og utruleg kjekt!! Kanskje ikkje så beint, men er det så nøye då??


Stoffet er eit ubrukt sengesett kjøpt på gjenbruken. Sommarleg fint!

fredag 1. juni 2012

Strikkebunad

Hadde så lyst på strikkebunad til litlehøna. Så då litlehanen var ei veke reiste eg full av optimisme og kjøpte garn. Hadde ca 6. veker til me skulle i konfirmasjon, så planen var å få han ferdig til då. Trudde nok det kunne bli "litt" stress, men eg meinte det kunne gå. Men off så stress det blei! Starta nede på stakken med 300 og ørten maskar. Etterkvart øydela det heile kosen med baby og alt som skulle vere så kjekt. Eg måtte jo strikke i kvart eit ledig minutt, som eg ikkje følte eg hadde mange av.... Fyrst spurde eg mor om ho kunne strikke forkleet. Det kunne ho.... og gjorde det på nokre få dagar. Så fekk ho beltet og bringestykket.... - skal eg ta resten òg?? Jaaa! Takk og pris!

Bunaden blei så utruleg fin og han hadde sikkert vore veldig kjekk å strikke sjølv viss eg berre hadde hatt betre tid på meg. Så Tusen takk mormor!! Eg er veldig takknemleg! ...og me har fått brukt han 3 gonger allereie. Håpar inderleg han passar neste år òg!



Oppskrifta er frå bunadheftet til sandnes garn.

onsdag 16. mai 2012

Ei strikka pute

Min heim måtte òg få seg ei strikka pute. Har brukt 3 nøster Hegre av Dalegarn. Opprinneleg inspirasjon til puta fann eg hos Hekta på strikk, men har laga mitt eige mønster. I tillegg er eg temmeleg lat og liker raske løysinger, så eg har sydd eit stoff på baksida i staden for å strikke begge sider. Sikkert finare med strikk på baksida òg, men så mykje raskare å sy gitt. (Iallfall då eg endeleg fekk gjort det) Eg er godt fornøgd med puta og har kjempelyst å strikke fleire variasjonar.

tirsdag 15. mai 2012

gje-vekk sjå kinoko

Takka vere gje-vekk'en hennar fann eg kinoko.se.Sjekk ut HER Knallfine heimesydde klær! åh! den som kunne sydd så fine kjolar!! Eg har sjølvsagt lyst å vinne ein til lillehøna! kryssar fingrane for det!

søndag 13. mai 2012

vertinnegåve

Ei fin vertinnegåve kan vere så mangt. No for tida likar me å gje vekk overskuddet av eggeproduksjonen. Det er jo verdas beste egg! Har mange gonger gjeve dei vekk i den stygge grå kartongen, men kjekkare er dei jo i ny drakt. Så er det eggemangel i huset, veit de kva de har å gjere,...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...